Gå til innhold

Recommended Posts

Skrevet

Har testa eit nytt produkt i dag. Det heiter Aluchrom og kjem ifrå ein polsk produsent. Dette er ein metalpolish. Tuben på 100g kosta meg 14 kr (ingen skrivefeil, fjorten kroner). Eg kjøpte den i Polen på ferie for eit år sidan. Den vart lagt i ein pose, og glømt litt ut. Eg påførte det på grillen her om dagen. Den var i utgangspunktet relativt rein og fin, så eg fekk ikkje så myke ekstra skit ut av grillen.

Fant i dag ut at eg etter ein DCN vask, skulle teste det på eksoshalen. Det blei ein veldig klurete vask. Eg jekka opp bilen i garasjen. Bilen sto med snuten ut mot porten. Heime er betonggulvet ubehandla. Det er heller ikkje fall ut mot port, eller noko sluk. Eg enda då med litt Prickbort, som eg dusja lett over eksoshalen. Lot den jobbe litt. Etter det, prøvde eg å skylle av den med vatn, og fange opp mesteparten i ein liten isboks.... veldig klurete. Det frys skjeldan i garasjen, men hadde vert kjedelig å komt ut til islagt gulv i morgon. Lesson learned; Rompa ut mot porten neste gong!

Etter avfetting, fant eg fram ei lita bøtte og ein kjøkkensvamp med skrubb på eine sida. Den påførte eg Biltema supervask, Dette er eit produkt eg ikkje bruker mykje sjølv. Eg ville prøve det, før eg fant fram eventuell felgrens. Det lukter rart. Muligens litt parafinaktig, men eg klarte med litt skrubbing å få vekk det som Prickbort ikkje klarte. Til slutt drog eg over med vanlig bilshampo, skylte med vatn, og tørka.

Her jobber Prickbort

20141220_160023_zps284f7dc0.jpg

20141220_160039_zps519af23f.jpg

20141220_160032_zps000bee70.jpg

20141220_160030_zps3550d2e2.jpg

20141220_160023_zps284f7dc0.jpg

Eg vart litt ivrig, og gløymte heilt å ta bilete i vaskeprosessen...

Her er ferdigbilder. Polishen blei påført med kjøkkensvamp den og.

20141220_165241_zps955d2a7e.jpg

20141220_165315_zps18989ff8.jpg

20141220_165253_zps2a367fa9.jpg

20141220_165256_zpsfbfada84.jpg

Sjølv etter ein grundig vask, drog polishen ut mykje skit. Her er svampane eg førte på med.

20141220_165428_zpsd3132c80.jpg

20141220_165422_zpsfcbfa0d7.jpg

Sjølve herligheten, til heile 14 kr.

20141220_165440_zpsed5652ca.jpg

Vatnet preller lett av. Forhåpentligvis vil skiten gjer det same. Ser at eg var rimelig ustødig på handa her.

20141220_165834_zps47224c07.jpg

vatnet perla seg fint på grillen og!

20141220_142111_zpsaf35fa95.jpg

Til prisen må eg sei at eg er veldig overraska over kor mykje skit den fjerner frå eit tilsynelatande reint område. Den etterlater og ei beskyttande hinne. Eg har ikkje erfaring med andre metal polishar, så eg kan ikkje samanlikna med noko.. Alt i alt, veldig nøgd!

BMW E30 320I

BMW E91 320D

 

S&S Nr.1 BMW E91                                  S&S Nr.2 BMW F11                          S&S Nr.3 Opel Vectra

_Makki_
Skrevet

:wub::thumbs:

Makki's CarSPA

Koch-Chemie®: Excellence for Experts

Colourlock®: Get the best out of your leather!

 

 

Bli med i samtalen

Du kan poste nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, Logg inn nå for å poste med din egen konto.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn innhold med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Din link har automatisk blitt innebygd.   Vis som link i stede for

×   Tidligere innhold har blitt gjenopprettet.   Fjern innhold

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Detailers Club bruker informasjonskapsler (cookies) til å måle trafikk, optimalisere siden og for å kunne holde deg innlogget. Ved videre bruk av siden aksepterer du dette og våre Personvernvilkår