Jump to content
Sign in to follow this  
Loddvar

Statisk blandingsforhold på skumkanon?

Recommended Posts

Loddvar

Hei

 

Eg kjøpte tidlegare i vår ein skumkanon, og det fyrste eg gjorde med han var å finne ut kva blandingsforhold han leverte ved ulike omdreiingar på justeringsskruen. No har det seg slik at eg har kjøpt ein ny, kraftigare høgtrykksspylar, og lurer i samband med det på om eg burde gjera eit nytt forsøk for å finne ut om blandingsforholdet har endra seg. Har nokon av dykk erfaring med om blandingsforholdet endrar seg ved bruk av annan høgtrykksspylar?

 

Og eit par andre ting som ein kan setje spørsmålsteikn ved, rett nok veldig pirkete smådetaljar, men det er jo kanskje interessant for folk akkurat på dette forumet, er: Eg utførte forsøket med vatn i skumkanonens såpebehaldar, noko som heilt sikkert har ein annan viskositet enn såpa/såpeblandinga, og truleg kan det verke inn på blandingsforholdet. Det andre er korleis ein held skumkanonen under bruk, som òg kanskje kan vera med å påverke. Begge desse to faktorane ser eg sjølv på som mikroskopiske utslag på blandingsforholdet, truleg var det mykje større utslag frå til dømes målefeil ved forsøket mitt, men det kan vera grunnlag for ein interessant diskusjon visst nokon har synspunkt rundt desse detaljane.

Til moderator: De får berre flytte på innlegget, dit det burde ha vore. Eg søkte etter temaet, men fann berre då om kva blandingsforhold ein skumkanon gjev og kva blanding ein skal ha på flaska.

Edited by Loddvar

Share this post


Link to post
Share on other sites
wanvik

Interessant problemstilling!

Jeg tror definitivt at både høytrykksspyleren, viskositet og hvordan du hilser har noe å si - av en eller annen grunn tror jeg de to første punktene har mest å si.

Det er vel "vakuum" som drar opp såpa, og høyere viskositet er vel verre å få opp, i tillegg til at en kraftigere vasker antagelig genererer mer vakuum.

Jeg må innrømme at jeg ikke bryr meg med blandingsforholdet, jeg justerer bare til det virker "passe".

Fra egen erfaring kan jeg si at en bedre høytrykksvasker lager skum lettere, men det har jo fint lite med blandingsforholdet å gjøre da :)

  • DCN Point 1

Share this post


Link to post
Share on other sites
Loddvar

Hyggeleg at iallfall du fann dette interessant! :)

 

Viss ikkje nokon som har erfaring, gjort forsøk med to høgtrykkspylarar tidlegare, kjem med innspel i laupet av helga, spørs det om eg ikkje gjer eit nytt forsøk med den nye min. Om det blir fleire forsøk for å kartleggje innverknaden av såpeblanding og kanonens vinkling, får eg no sjå på om eg gidd, hehe!

 

Det stemmer, det skapast eit undertrykk og det er dette som er orsaken til at ein dreg opp såpa. For å gjera ideen om kanonens vinkling sin innverknad på blandingsforholdet tydlegare, set eg det no på spissen sjølv om det ikkje er realistisk for ein skumkanon; Sei at ein skal suge noko gjennom eit røyr, som er tilfelle her. Skal det sugast vertikalt er maksimal sugehøgde ca. 10 m. Men dersom det er horisontalt, eller tilnærma horisontalt då / svak helling, ser eg inga umiddelbar avgrensing av sugelengda før enn ein har ca. 10 m høgdeforskjell. Det er her ikkje teke omsyn til røyrfriksjon. Noko viskositeten vil påverke, og som du seier, å gjera det tyngre å få sugd opp "tjukke" væske.

 

Neidå! Om blandingsforholdet blir 1:95 eller 1:100 for BHLs Autofoam-såpe, som eg har, trur heller ikkje eg spelar stor rolle. Det er derimot visst høgtrykkspylaren utgjer mykje eg vil kompensere med endring av blandinga på fleska. Og så er det litt morosamt å vete kva blanding ein har vaska med, når ein elles har stått og målt opp med målebeger. ;)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Loddvar

I går gjorde eg eit nytt forsøk med den nye høgtrykkspylaren, og eg vart fyrst noko overraska over resultata; Det gjekk motsett veg av kva eg hadde trudd. Men det er ikkje så ulogisk at det blir slik.

 

Det fyrste forsøket vart gjort med Kärcher K 3.2, medan det i går vart gjort med ein Kärcher K 7 Premium. I begge forsøka vart det brukt Foam Lance-skumkanonen som var fyllt med vatn.

 

Blandingsforholdet som skumkanonen gav ved ulike innstilingar av blandeskruen, var som vist under.

Tal på runder er i frå den er heilt lukka, skrudd så langt mot minus som det går.

 

  • 0 runder rotert blandeskrue.
    • K 3.2:  1:15,1
    • K 7:     1:19
  • 0,5 runder rotert blandeskrue.
    • K 3.2:  1:34
    • K 7:     1:61,9
  • 1 runde rotert blandeskrue.
    • K 3.2:  1:72,3
    • K 7:     1:186
  • 2,5 runder rotert blandeskrue.
    • K 3.2:  1:95,3
    • K 7:     1:324

 

Det kan tilføyast at når K 3.2 vart brukt vart pistolen halde på skrå nedover, medan for K 7 vart den halde horisontalt.

Elles vart det truleg heller ikkje heilt lik temperatur i lufta, men det utgjer minimalt.

 

 

For K 3.2 har eg følgjande fleire målingar viss det skulle vera av interesse for nokon: 2r: 1:88,8,  3r: 1:130,  4r: 1:184 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

Informasjon

© Detailers Club Norway AS 2007-2018

Sosialt

Om oss

Her finner man det meste man lurer på innen bilpleie. Alt fra vask til polering på hvordan du skal få din bil til å bli så blank som mulig

×
×
  • Create New...